Grotte d-Osselle

På besøk i grottesystemet i Osselle
Start slideshow
Kart
Grotte d'Oselle ligg søraust frå Dijon, og sørvest frå Mulhouse og Freiburg. Altså ganske nær både Tyskland og Sveits.
Er dette ein fornuftig veg å kjøre
Delar av reisefølgjet er ofte uroleg for vegval og korleis kjøreturen skal gå. Dette er som regel ikkje den delen av følgjet som kjører Sofus.....
Stor parkeringspass i alle fall
Her var sanneleg god plass til oss (og til mange andre). Det var ein times tid å vente, og det kom fleire folk etter kvart.
Fint å sitje på terrassen med litt kald drikke i varmen.
Ein time går ganske fort når ein har det greitt. Temperaturen ute var fin, og vi kunne nyte ein god sommardag.
Inne i hola (1)
Inne i grotta var det kaldare, temperaturen var 13 grader (sommar som vinter). Dette hadde vi venta, så vi hadde varme klede med oss.
Inne i hola (2)
Grotta var oppdaga på 1200-talet, men først i 1506 var det laga opning slik at grotta vart tilgjengeleg.
Inne i hola (3)
Grotta er gravd ut av ei underjordisk elv, og (sidan dette er i sandstein) er det blitt danna dryppsteinsfigurar.
Inne i hola (4)
Det renn framleis litt vatn i elva, det dryppar litt frå taket no og då.
Inne i hola (5)
No er vi komne langt inn i grotta. På denne plassen kan vi sjå at steinane har ulike fargar: Grå/gråblå der det er koparsalt i steinen, lysbrun/brunraud der det…
Inne i hola (6)
Spennande formasjonar var det mange av - nokre store (som denne) og nokre små.