Druskininkai og Gruto Parkas

Litt av den nære historien til Litauen. Og ein fin dag i parken.
Start slideshow
Druskininikai ligg heilt inntil grensa til Kviterussland.
Ligg så nær grensa at Microsoft sitt mailsystem ikkje godtar at du lastar opp vedlegg til deira serverar.
Fantastisk fin camping.
Absolutt klasse over denne campingen. Store og gode campingtomter, førsteklasses sanitæranlegg.
Gruto Parkas
Men vi skulle til parken.
Stort anlegg, vakker park.
Som kjent var Litauen del av Sovjetunionen fram til 1991. Under frigjeringa vart statuar av Lenin, Stalin og dei andre sovjetiske "heltane" rivne ned og knuste.…
Høyrer denne til her?
På veg inn i parken gjekk vi faktisk gjennom ein liten dyrehage.
Vladimir.
Her møter vi mannen - den store (!) Vladimir Iljitsj Uljanov - kjend som Lenin!
Josef
Og - sjølvsagt den (også store) Josef (Iosef) Vissarionovitsj Dzjugasjvili - kjend som Stalin.
Karl og Friedrich, Vladimir, Vincas (lokal "helt") og Josef
Karl Marx, Friedrich Engels (dei som skreiv Das Kapital), Lenin, den "lokale" kommunistleiaren Vincas Mickevičius - kjend som Kapsukas, og Stalin.
Den venlege Vladimir.
Legg merke til korleis leiarane blir framstilt - gjerne som "vanlege folk".
Vladimir talar!
Folketalaren slår til!